Tilbake

Slår fast at Maria blei trakassert

Morten Kjelland·27/02-2026· 2 minutter

Maria Åmås jobba på båt og meinte ho blei trakassert på grunn av kjønnsidentitet. No har ho vunne fram i Diskrimineringsnemnda.

Maria Åmås, volding som bur i Ørsta, klaga eit reiarlag inn for Diskrimineringsnemnda fordi ho meinte ho blei trakassert på jobb om bord på ein av båtane til selskapet.

Ho har no fått medhald i ein viktig del av klagen, men nådde ikkje fram med erstatningskrav mot reiarlaget.

Får ikkje erstatning

I løpet av den tida Maria jobba i selskapet gjennomgjekk ho kjønnsbekreftande behandling og blei kvinne. Nemnda har vurdert om ho i denne tida blei utsett for diskriminering og trakassering frå kollegaer og leiarar, men på dette punktet nådde ho ikkje fram.

Ho seier at det var litt bittert at ho ikkje fekk medhald her, men at det likevel ikkje var det viktigaste for henne.

– Det viktigaste er at vi fekk statuert eit eksempel på at ein ikkje skal drive på slik. Reiarlaget må ta skikkeleg tak for å hindre at slikt skjer igjen, seier Maria som no jobbar i Fjord1.

Der er ho nyleg også blitt tillitsvald.

– Eg vil halde fram med å ta sjøfolk sin kamp vidare. Eg vil ikkje at andre skal oppleve det eg har opplevd, seier Maria og oppmodar andre sjøfolk til å vere organisert.

Les mer