Tilbake

Det blir enklare for kommunar å etablere brukarrom

Dorthe Storhaug·30/03-2026· 2 minutter

Fleire med alvorlege rusmiddelproblem skal kunne få tilgang til brukarrom. Derfor har regjeringa i dag lagt fram eit lovforslag som vil gjere det lettare for kommunane å etablere brukarrom. No vil det også bli mogleg for private aktørar som ideelle organisasjonar å drive brukarrom på vegner av kommunane.

– Vår felles helseteneste skal ta vare på oss alle, også menneske med alvorlege rusmiddelproblem. Brukarromma er trygge stader, som bidrar til at livet for nokre av dei mest sårbare i landet vårt blir litt meir verdig, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

– Derfor vil regjeringa no gjere det enklare for kommunar å etablere brukarrom, og private aktørar – som til dømes ideelle organisasjonar – kan no spele ei viktig rolle i dette arbeidet, fortel Vestre.

Moglegheit for unntak

Regjeringa legg opp til at kommunar skal kunne søke om unntak frå nokre av lovas krav til korleis brukarrom skal vere, til dømes krav om å ha både injiseringsrom og inhaleringsrom.

– Terskelen for å etablere brukarrom i dag er for høg. Det er betre at kommunen tilbyr eit brukarrom utan alle fasilitetar enn at kommunen vel å ikkje etablere ei brukarromsordning i det heile tatt, seier Vestre.

Med lovendringane vil det også vere mogleg å etablere brukarrom i tilknytning til lågterskel butilbod el., der fleire av bebuarane har alvorlege rusmiddelproblem.

Regjeringa vil i tillegg opne for at kommunar kan velje å gå inn i avtalar med private aktørar, til dømes ideelle organisasjonar, om å drive brukarrom på vegner av kommunen.

Les mer Se lovforslaget på Lovdata