Tilbake

Tvangsbehandling strir ikkje mot menneskerettane

Dorthe Storhaug·30/03-2026· 2 minutter

Når pasientar ikkje kan samtykke til psykisk helsehjelp, gir psykisk helsevernlova moglegheit til å sikre alle pasientar naudsynt behandling.

Ein nyleg dom i Borgarting lagmannsrett klargjer forholdet mellom menneskerettane og lov om psykisk helsevern og slår fast at tvangsbehandling ikkje strir mot menneskerettane (1, 2). Saka er viktig for alle legar som kjem i kontakt med bruk av tvang.

Ein tidlegare pasient var innlagt på tvungent psykisk helsevern (§ 3 - 3) fleire gonger over mange år, og det var fatta fleire vedtak i samsvar med lov om psykisk helsevern, inkludert tvangsmedisinering (§ 4 - 4), skjerming (§ 4 - 3) og isolering (§ 4 - 8) (1). Pasienten var innlagt grunna maniske episodar og periodar som del av ei bipolar liding type 1. Pasienten og pårørande uttrykte under heile forløpet at pasienten ikkje ønskte medisinering, og at særleg tvangsmedisinering vart opplevd som traumatisk. Behandlarar vurderte at pasienten hadde god effekt av antipsykotisk medisin.

I 2021 saksøkte pasienten staten, då hen meinte tvangsbehandlinga krenka Den europeiske menneskerettskonvensjonen og FN sin konvensjon om sivile og politiske rettar hos menneske med nedsett funksjonsevne, herunder menneske med psykiske lidingar (3–5). Etter fleire rundar i rettsapparatet med avklaring om kva som kunne prøvast, gjekk saka i Oslo tingrett hausten 2024. I januar 2025 blei staten frifunnen. Den tidlegare pasienten anka.

I januar 2026 slo lagmannsretten fast at tvangsbehandling, skjerming og isolering ikkje er i strid med konvensjonane (1). Samstundes fann retten at pasienten sine konvensjonsrettar hadde blitt krenka. Konkret var det ved fleire høve feil ved statsforvaltaren si handsaming av klagene frå pasienten og pårørande, det mangla eigne fasthaldingsvedtak i samband med tvangsmedisinering, og eitt isoleringsvedtak var mangelfullt begrunna. Staten blei dømt til å betale sakskostnadene på 2, 2 millionar kroner, då pasienten hadde fått medhald av betydning, men hen blei ikkje tilkjent noka økonomisk oppreising.

Les mer